Langt ut i vest der havet storfeldt bryt, der ser ein mange øyar opp seg skyt..

onsdag 16. februar 2011

BEDRIFTSBESØK

ARBEIDET 
Vi er to lærarar som deler på undervisninga i næringslivsøkonomi.  For å konkretisere eit av læreplanmåla, sjå Opplæringsplan, har vi valt å besøke ei av bedriftene i nærmiljøet. 
Vi har hatt eit planleggingsmøte for å bestemme oss for læreplanmål og komme fram til korleis ein skal nytte googledocs for å konkretisere dette.
Deretter har vi i fellesskap arbeidd ut ein presentasjon som vi tenkjer brukt for å introdusere og sette rammer for arbeidet elevane skal gjere.
Vi har laga ein presentasjon, samskrive i ulike dokument som deretter er lenka til presentasjonen, sett inn videoutklypp frå Youtube for å vise to døme på elevpresentasjonar og lagt inn lenke til heimesida til bedrifta.
Sidan vi er to lærarar i faget, er googledocs ein grei måte å samarbeide om undervisninga på.  Vi bur på heilt ulike stader og dette mogleggjer å arbeide i lag også utanom skuletida.  Ved å bruke blogg kan ein og få innspel på opplegget, sjå nye vinklingar og få utvida kjennskap til næringslivet.  Dette gjeld sjølvsagt både lærarar og elevar.  På sikt kan ein byggje opp ein bank av presentasjonar som ein kan jobbe vidare med, berre hente info frå eller …
Vi har laga eit opplegg der vi føreset at elevane er delaktige i heile prosessen frå førebuing, gjennomføring og til etterarbeid.  Det er lagt vekt på at elevane skal vere vel kjende med dei krav som vert stilte til vurdering slik desse er framstilte i presentasjonen.  




LÆREPROSESSEN


Planlegging er viktig for at resultatet skal bli bra.  Likeeins at ein har felles mål og er samde om innhald, oppbygging og design.  Det er også viktig å ha ei klar arbeidsfordeling,- kven gjer kva, og kor tid.
Å arbeide i googledocs er mykje likt dei verktøya vi alt nyttar, men det er likevel ein del nytt å sette seg inn i.  Det tek tid før ein ser verdien av å bruke nye verktøy, - ein må beherske det godt først.  Samarbeid tek alltid tid, men å arbeide i lag med nokon gjer det og enklare å diskutere og få hjelp når det er noko ein ikkje får til.

Td tok det tid å skjøne at ein må opne fronterinnlegget i rett nettlesar for å få tilgang til presentasjonen.  Her er det brukt Chrome.

Innleveringa var ein god repetisjon på kursdagen vi hadde.   Mi erfaring er at all kursing i IKT er bortkasta dersom ein ikkje i etterkant repeterer og snarast byrjar å bruke det ein har lært.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar