Langt ut i vest der havet storfeldt bryt, der ser ein mange øyar opp seg skyt..

søndag 15. mai 2011

Ungdom og medievaner

Refleksjon
Oppgåva var vid og vi erfarte fort at det var nødvendig å innsnevre og finne målgruppe vi ville jobbe med. Vi bestemte oss for å ha hovedfokus på lærarar og foreldre.  Idèmyldring i lunsjpausen førte til at vi bestemte oss for tre tags: underhaldning, undervisning og sosiale media.  Eigentleg så kunne vi tenkt oss å ha undertags under desse igen, men det fekk vi ikkje til.  Vi diskuterte og om vi skulle satse på fleire tags der vi spesifiserte nærare kva innhaldet skulle vere. Td. film, foto osb...
Vi brukte ei side i wikien til å diskutere og notere.  Tags kjem fram på sida for etikettar.http://gruppebidrag.wikispaces.com/Startside
Vi har samla lenker kvar for oss og lagt inn i diigo.com.http://groups.diigo.com/group/ungdom-og-medievaner
Surra litt med tags, men fann fort ut at sosiale media vert to tags medan sosialemedia vert ein tag.  Struktur måtte til.  Fann etterkvart også ut at knappen oppe til høgre (den med d på), var fornuftig å bruke når ein la inn bokmerke for då kom det inn i library.  Ting tar tid...

Vi har hatt nokre korte møter der vi har avtalt emne for artiklar og elles diskutert ulike små og store utfordringar knytt til utforminga av wikien.
Vi har tolka " alle skal bidra" i artiklane til å vere alt frå korrekturlesing, formulering og skriving av innhald til å finne bilete, gode lenkjer, video og lyd.  Vi har difor valt ei blanding av dette.  Det er krevjande å samskrive.  Ein skal sette seg inn i kva den andre tenkjer og er oppteken av og få eige bidrag inn i ein god samanheng.

Prøving og feiling gir god læring.  Det er svært nyttig at ein i etterkant av ein opplæringsdag må produsere noko sjølv. Då ser ein kva ein har fått med seg og kva ein må jobbe meir med.  Skal ein bli god til noko så må ein gjere dei ulike oppgåvene fleire gonger.
Frustrasjonen over at bloggverktøyet låg nede i fleire dagar er over, men gir oss ei påminning om at dataverda framleis ikkje er heilt vasstett.
Eg har lært mykje og tykkjer det er svært nyttig å få meir innsikt i den digitale verda.

torsdag 17. mars 2011

Juridisk Metode

I Rettslære må ein kunne formulere seg godt både skriftleg og munnleg.  I tillegg er det  viktig å beherske juridisk metode for å kunne løyse rettstvistar.
Trening, og atter trening er oppskrifta for å få dette til.
Eg har laga eit lite undervisningsopplegg der elevane får trening i å løyse eksamensoppgåver

onsdag 16. februar 2011

BEDRIFTSBESØK

ARBEIDET 
Vi er to lærarar som deler på undervisninga i næringslivsøkonomi.  For å konkretisere eit av læreplanmåla, sjå Opplæringsplan, har vi valt å besøke ei av bedriftene i nærmiljøet. 
Vi har hatt eit planleggingsmøte for å bestemme oss for læreplanmål og komme fram til korleis ein skal nytte googledocs for å konkretisere dette.
Deretter har vi i fellesskap arbeidd ut ein presentasjon som vi tenkjer brukt for å introdusere og sette rammer for arbeidet elevane skal gjere.
Vi har laga ein presentasjon, samskrive i ulike dokument som deretter er lenka til presentasjonen, sett inn videoutklypp frå Youtube for å vise to døme på elevpresentasjonar og lagt inn lenke til heimesida til bedrifta.
Sidan vi er to lærarar i faget, er googledocs ein grei måte å samarbeide om undervisninga på.  Vi bur på heilt ulike stader og dette mogleggjer å arbeide i lag også utanom skuletida.  Ved å bruke blogg kan ein og få innspel på opplegget, sjå nye vinklingar og få utvida kjennskap til næringslivet.  Dette gjeld sjølvsagt både lærarar og elevar.  På sikt kan ein byggje opp ein bank av presentasjonar som ein kan jobbe vidare med, berre hente info frå eller …
Vi har laga eit opplegg der vi føreset at elevane er delaktige i heile prosessen frå førebuing, gjennomføring og til etterarbeid.  Det er lagt vekt på at elevane skal vere vel kjende med dei krav som vert stilte til vurdering slik desse er framstilte i presentasjonen.  




LÆREPROSESSEN


Planlegging er viktig for at resultatet skal bli bra.  Likeeins at ein har felles mål og er samde om innhald, oppbygging og design.  Det er også viktig å ha ei klar arbeidsfordeling,- kven gjer kva, og kor tid.
Å arbeide i googledocs er mykje likt dei verktøya vi alt nyttar, men det er likevel ein del nytt å sette seg inn i.  Det tek tid før ein ser verdien av å bruke nye verktøy, - ein må beherske det godt først.  Samarbeid tek alltid tid, men å arbeide i lag med nokon gjer det og enklare å diskutere og få hjelp når det er noko ein ikkje får til.

Td tok det tid å skjøne at ein må opne fronterinnlegget i rett nettlesar for å få tilgang til presentasjonen.  Her er det brukt Chrome.

Innleveringa var ein god repetisjon på kursdagen vi hadde.   Mi erfaring er at all kursing i IKT er bortkasta dersom ein ikkje i etterkant repeterer og snarast byrjar å bruke det ein har lært.