Langt ut i vest der havet storfeldt bryt, der ser ein mange øyar opp seg skyt..

torsdag 17. mars 2011

Juridisk Metode

I Rettslære må ein kunne formulere seg godt både skriftleg og munnleg.  I tillegg er det  viktig å beherske juridisk metode for å kunne løyse rettstvistar.
Trening, og atter trening er oppskrifta for å få dette til.
Eg har laga eit lite undervisningsopplegg der elevane får trening i å løyse eksamensoppgåver

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Eg valde å gjere bruk av Etherpad fordi det er eit samskrivingsverktøy som det er enkelt å starte med. Terskelen for å bruke det er låg og det krev liten førehandskunnskap om verktøyet.
    Elevane tykkjer det er spanande å prøve noko nytt og vi ser fort at dette er ein effektiv måte å arbeide i lag på både i timane og heime.
    Del-og-bruk kan nok vere nyttig, men det ser ut til at dei som har same faget som eg ikkje er aktive deltakarar. Grupperommet for faget er oppretta, men det har ikkje vore aktivitet på lenge. Er medlemmane kanskje tidlegare kursdeltakarar som har fått same oppgåve som eg? Dessutan; - er vrimmelen av informasjonskanaler så stor at ein ikkje klarer å ta del over alt?
    Likevel; - Opplegget fungerer og eg ser at ein ikkje skal vere så redd for å ta i bruk noko nytt. Etherpad opnar for fleire moglegheiter som td googledocs og blogg i undervisninga.

    SvarSlett